fredag 21. desember 2007

New Public Management: Opprør! No!

Erfaringane i det siste fortel oss at tida no er inne til å starta det norske opprøret mot New Public Management, skriv økonomiprofessorane Norvald Monsen og Sverre Høgheim i eit debattinnlegg i Bergens Tidende 14. desember:

"Vi bør gjere opprør mot Ny offentleg økonomistyring (NPM), slik at vi vender attende til tradisjonell offentleg økonomistyring, som først og fremst skal tena innbyggjarane sine interesser. NPM har medverka tilat enkelte kommunar har gjort vanvittige investeringar i utanlandske verdipapir, noko som ville ha vore utenkjeleg innanfor tradisjonell offentleg økonomistyring (TPM). I ein laurdagskommentar i Bergens Tidende (24.11.2007) stiller Morten Strøksnes følgjande spørsmål: «Når kommer det norske opprøret mot New Public Management»? Vi veit ikkje - men opprøret burde koma no!"

Monsen og Høgheim skriv og:
"I dei siste 20-30 åra har det internasjonalt spreidd seg ei oppfatning om at offentlege organisasjonar, inkludert kommunar, burde styrast på ein ny måte. Vi kan dagleg lesa i avisene om nedskjeringer i kommunane, anten det dreier seg om eldreomsorga, skulesektoren eller vegsektoren. I ein slik situasjon er det nærliggjande «å tenkja nytt» og sjå nærare på økonomistyringa i privat sektor: Dersom vi berre kunne ha organisert og styrt offentleg sektor som private bedrifter, så ville vi ha løyst dei offentlege styringsproblema! For nokre år siden starta ein på ein slik prosess i statleg sektor i Noreg, ved at offentlege sjukehus vart organiserte som helseføretak etter modell av private føretak (private bedrifter). Samtidig vart den tradisjonelle offentlege pengerekneskapen erstatta av den lønsemdsrekneskapen som privat sektor brukar. Dette var eit viktig ledd i forsøket på å styra dei offentlege sjukehusa på same måte som ein styrer private bedrifter, der lønsemda står i fokus. Når staten sjølv går i brodden i denne trua på at ny offentleg økonomistyring (NPM) vil løysa dei offentlege styringsproblema, og dessutan at dette er i samsvar med internasjonal utvikling i offentleg sektor, er det ikkje rart at også kommunane etter kvart tek etter."

• Les heile innlegget i Bergens Tidende på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar