fredag 15. februar 2008

Sengeposten i Florø vert lagt ned

Sengeposten ved nærsjukehuset i Florø vert lagt ned. Det bestemte helseminister Sylvia Brustad i dag.

Leiinga i Helse Vest fekk beskjeden på eit føretaksmøte fredag ettermiddag. Avgjerda betyr at vedtaket i styret i Helse Førde om nedlegging vert ståande ved lag.

I ei pressemelding frå helse- og omsorgsdepartementet konstaterer Sylvia Brustad at det lenger ikkje er grunnlag for drift av dei fem sjukesengene i Florø.

Men Brustad krev at det vert vidareført eit spesialisttenestetilbod med mellom anna satsing på og utviding av det polikliniske tilbodet og dagbehandling.

Leiinga i Helse Vest fekk og beskjed om at Brustad meiner det og er viktig at å styrke lærings- og meistringsfunksjonane ved Florø sjukehus. Statsråden ønskjer ogå at behovet for ambulante geriatriske tenester vert kartlagt.

• Henta frå NRK Sogn og Fjordane sine nettsider, klikk på overskrifta her for å komme til saka

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar