tirsdag 11. mars 2008

BT-kommentar: Helsereforma grunnstøyter!

Under overskrifta "Helsereforma grunnstøyter" skriv tidlegare politisk redaktør i Bergens Tidende, Olav Kobbeltveit ein kommentar i avisa 10. mars:

"No vender også Høgre seg mot sjukehusreforma. Snart er det berre Jens Stoltenberg som forsvarar fadesen.

DET VAR IKKJE så mykje Jens Stoltenberg fekk gjort som regjeringssjef frå våren 2000 til hausten 2001. Men saman med helseminister Tore Tønne, som kom frå Aker, gjennomførte han ei omfattande sjukehusreform som skulle fjerna sjukehuskøane, få styring på pengebruken og gje politikarane betre styring med helsepolitikken. Reforma gjekk langs to liner: Den første var å løfta sjukehusa ut or fylkeskommunen og inn på statens hand. Den andre var å gjera marknadstenkinga til ein viktig del av styringsverktøyet - det såkalla New Public Management - som inkluderer omgrep som konkurranseutsetjing, privatisering, internprising og stykkprisfinansiering.

Bakgrunnen for reforma var samansett. Ein tilsynelatande endelaus og svært påtrengjande debatt om norsk sjukehusvesen var plagsam for eikvar regjering. Lange pasientkøar, der såkalla ventelistegarantiar ikkje hadde vist seg særleg effektive, gjorde at regjeringa sjeldan fekk arbeidsro. Noko laut gjerast.

Men Stoltenbergs handlekraft var driven fram av endå ein faktor: Han vil djupast sett avskaffa fylkeskommunen. Kva om han som eit første steg på vegen fråtok fylkespolitikarane den tyngste oppgåva dei hadde - sjukehusa? Jau, slik måtte det bli. Dette agnet var det lett å selja til Framstegspartiet og Høgre, og dermed hadde mindretalsregjeringa til Stoltenberg sikra seg fleirtal for ei stor reform. Somme snakka om handlekraft.

FINN HENRY HANSEN - tidlegare helsesjef i Hordaland - er ein av dei som veit mykje om styring og manglande styring av norske sjukehus. Han har erfaring som helsebyråkrat, og han har i tillegg forska på temaet. Han har difor ei kvalifisert oppfatning av korleis fylkespolitikarane styrde sjukehusa. Eigentleg synest han dei kom godt frå oppgåva.

Sjukehusa inngjekk som ein nokså dominant del av den fylkeskommunale porteføljen. Budsjetta handla om sjukehus, og så litt om vidaregåande skule og samferdsle. Men altså mest om sjukehusa. Det hende så absolutt at sjukehusa brukte meir pengar enn dei hadde også den gongen. Men det var fylkespolitikarane sitt ansvar, og frå stat og statsråd fekk dei klår beskjed om at underskota laut dei dekka inn på vanleg måte. Ekstraløyvingar frå statleg hald kom sjeldan på tale.

Dette var den gongen det låg politiske prioriteringar til grunn for kva slags pasientar som skulle ha førsterett til behandling. Den praksisen tok slutt med innføringa av det som heiter New Public Management. Somme meiner det var «direktørvenna til Stoltenberg» som fekk den på plass.

«DET ER BLITT FOR mye butikk og for lite politikk i sykehussektoren», er Laila Dåvøy (KrF) si oppsummering av perioden 2002-2008. Inntening er blitt viktigare enn kostnadsstyring.

Slikt får konsekvensar. Vi har stadig noko som heiter norsk helsepolitikk, som legg føringar for kva for sjukdomar og lidingar sjukehusa skal prioritera. Den byggjer i hovudsak på Ivar Aasens gamle formel om «å hjelpa dei som det trenger mest». Men den formelen er sett på stallen. No er det tvert om slik at den behandlinga som gir best og mest inntening, har forkøyrsrett. I New Public Management må den politisk vedtekne og overordna helsepolitikken vika for det som gir pengar i kassa.

Og pengar har det blitt - i sjukehuskassa. I 2002 kosta norsk helsestell 50 milliardar kroner. I 2008 er kostnaden auka til 85 milliardar. Det er ein auke på 70 prosent.

Då er det ikkje rart at mange fylkespolitikarar sukkar og seier at staten og Stoltenberg har prøvd å kjøpa seg til suksess. Kva kunne ikkje fylkespolitikarane fått til om dei hadde blitt tilført så store pengesummar? Det kunne blitt mykje og truleg meir helse totalt - og ut av kvar krone."

• Les resten av kommentaren til Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar