torsdag 6. mars 2008

Krav om kutt på 80 årsverk i Helse Fonna

– Eg veit snart ikkje kva eg skal tru lenger. Dersom dette er rett, er det veldig tragisk, seier Ragnhild Heggøy. Ho er tillitsvald for dei om lag 60 kontortilsette (Delta) på Stord sjukehus. Nyhendet onsdag morgon på NRK P1 om nye omfattande kutt for Helse Vest, kom overraskande.

- Dette er tredje gongen på fire år at me vert trua med nedskjeringar og er svært demotiverande. Eg fattar ikkje korleis ein kan skrella vekk meir, legg ho til. Ho tykkjer at det har vore tøft nok med innsparingane som allereie er gjort, og var ikkje førebudd på at det kan bli snakk om å kutta i stillingar.

Anne Margrete Larsen er tillitsvald for dei tilsette som er organisert i Norsk Radiografforbund og stiller seg svært undrande til korleis ein skal kunne driva Stord sjukehus vidare om det no skal kuttast i stillingar.

• Les heile saka i avisa Sunnhordland på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar