torsdag 3. april 2008

Årdal og Lærdal Ap vil ha fødeavdelinga på plass att

Lærdal Arbeiderparti vil ha tilbake fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus. Og får støtte for dette synet hjå Årdal Ap.
-Sjukehuset i Lærdal er like mykje vårt, så dette framlegget støttar me. Eit velfungerande og godt fødetilbod i Indre Sogn er heilt nødvendig. Samstundes er det veldig viktig at fylkespartiet grip tak i og diskuterer totalinnhaldet i lokalsjukehus og kva funksjonar desse skal ha, seier leiar i Årdal Ap - Hilmar Høl.
Medlemsmøte i Lærdal Ap og representantskapen i Årdal Ap har denne veka behandla fylkespartiet si innstilling til helse- og sjukehuspolitikk. Representantskapen i fylkespartiet gjer endeleg vedtak fyrstkomande laurdag.

KJEMPAR FOR FØDEAVDELING
Lærdal Ap kjem her med framlegg at det skal vere eit godt og forsvarleg fødetilbod i alle deler av Helse Førde. Det betyr også at lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn skal ha fødeavdeling med gynekolog i døgnberedskap. På medlemsmøte vart det stillt spørsmål om ikkje kampen for å få tilbake fødeavdelinga var tapt, men Iren Lysne meinte dette var noko ein verkeleg måtte kjempe for å få på plass att.

-Skal me ha eit framtidig fødetilbod i Lærdal må me gå inn for å få tilbake fødeavdelinga. For held ein fram ordninga som i dag trur eg fødetilbodet vert lagt ned av seg sjølv, sa Lysne. Innstillinga frå fylkespartiet peikar og på kor viktig det er å jobbe kontinuerleg med rekruttering, Lærdal Ap meiner ein må skape ro i helseføretaket for å få dette til - stadig omorganisering, uvisse og innbyrdes krangel er dårlege signal å gje til potensielle arbeidssøkjarar til stillingar i Helse Førde.

• Les heile saka på Porten ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar