søndag 1. juni 2008

Rier ved reisas slutt

I Noreg har drektige kyr betre rettsvern enn gravide kvinner, skriv Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Dag og Tid, 29. mai.

Nyleg fødde ei svensk kvinne i vegkanten fordi ho ikkje rakk fram til fødeavdelinga i tide. Er helseministeren budd på slike bilete frå Sommar-Noreg?
Helseminister Sylvia Brustad lova at ingen fødeavdelingar skulle haldast stengde av økonomiske årsaker sommaren 2008. Men no kan det sjå ut som at snøen som fall i fjor, er gløymd. For 2007 var året då norske fødande i distriktet måtte fraktast som kveg til eit større sjukehus i næraste by. Verst gjekk det ut over gravide i Kjøpsvik, som måtte reise 230 kilometer for å kome seg til Harstad. Alle som har vore involverte i ein fødsel, veit at 230 kilometer med rier i ein bil er høgrisiko. Det er eit under at det ikkje gjekk gale.

Få har lært
No ser det ut til at få har lært. I år er det difor planar om å sommarstengje fødeavdelingane i Kristiansund, Molde, Orkdal, Narvik, Odda, Brønnøysund, og Rjukan. Ved å skulde på vanskar med å skaffe ferievikarar prøver dei å lure seg rundt lovnadene til helseministeren frå i fjor.
Dei ansvarlege kan umogleg ha fått med seg rapporten etter fjorårets stenging av fødeavdelinga i Volda. Ein kritisk evalueringsrapport slaktar styret for Helse Sunnmøre. Rapporten slår fast at stenginga var ei belastning for pasientar og tilsette. Fleire gravide fekk svangerskapstida øydelagd, dei miste nattesøvnen, vart engstelege, følte seg mindreverdige. Målsetjinga til sjukehuset om nærleik og tryggleik til dei fødande fekk eit kraftig skot for baugen. Og ikkje minst skapte det veldige reaksjonar at Helse Sunnmøre nekta å ta imot 600.000 kroner i innsamla midlar som ville dekkje driftskostnadene i sommarmånaden.

Lite spart
Den økonomiske vinsten ved å sommarstengje fødeavdelingane vart også monaleg mindre enn venta, då rekninga skulle gjerast opp. Sjukehuset i Narvik hadde venta å spare 1,2 millionar kroner på sommarstenginga i fjor. Tal frå organisasjonen Liv laga viser at summen vart på 240.000 kroner. Då er ikkje utgiftene til kommunen til følgjeteneste og jordmorvakt tekne med, heller ikkje reiseutgifter for dei fødande. Summen vert altså endå mindre. I tillegg kjem dei ikkje-økonomiske kostnadene: stress og press på dei fødeavdelingane som faktisk har ope, ekstraarbeid på helsetenesta i kommunane og ikkje minst: eit uverdig tilbod for dei som skal føde. Det er det ikkje verdt.


• Les heile innlegget i nettutgåva av Dag og Tid ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar