onsdag 29. oktober 2008

31 kommunelegar i Nordfjord ber Helse Vest gripe inn mot ortopedivedtaket

FIRDA 31 kommunelegar i Nordfjord har sendt ein uttale til administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest om det dei meiner er uheldige verknader av ortopedivedtaket i Helse Førde. Blant dei som står på kopilista for brevet er helse- og omsorgsministeren, Helse Førde-leiinga, Legeforeningen og media.

Legane meiner at prinsippet om at pasienten skal få fagleg god behandling der det er enklast å få den, vart sett til side ved ortopedivedtaket. Dei skriv at Nordfjord sjukehus har fullgod kompetanse og kapasitet til å ta seg av akutte ortopediske inngrep, også i narkose. Kommunelegane slår seg ikkje til ro ved at Helse Førde kom med det som vert oppfatta som ei oppmjuking av vedtaket: «Dersom særskilte medisinske eller organisatoriske grunner tilseier det, kan inngrepet skje ved lokalsjukehuset».

Slepp ikkje unna
Legane skriv: – Det kan ikkje være tvil om at legane i Nordfjord ved fleire høve har fått klare føringar frå leiinga i Helse Førde, om at ortopedivedtaket fram til no har vore utan rom for skjønn i situasjonar med trong for behandling i narkose. Leiinga kan ikkje med dette «vaske sine hender» fri for ansvaret for dei uheldige konsekvensane av vedtaket så langt.

Vidare viser dei til helselovgjevinga om at kommunelegar i legevakt har ansvar og mynde til å avgjere kvar pasienten skal fraktast for naudsynt vidare behandling, og skriv at kommunelegen dermed kan velje å sende vedkomande Volda sjukehus som ligg langt nærare enn Førde sentralsjukehus.

– Om ein større del av pasientane med akutte ortopediske tilstandar vert sende til Volda Sjukehus, vil dette kunne føre til forringa spesialistutdanning for legar innan ortopedien i heile Helse Førde.

• Les heile saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta. Der finn du og ei lenke til brevet frå kommunelegane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar