torsdag 27. november 2008

Nordfjord: - Fryktar nye ortopedikutt


FJORDABLADET - Vi fryktar at ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus blir sitjande att med berre kikholskirurgi. Vi tolkar dei mange signala om mogelege kutt som eit kraftig varsku om at det er ei kjempeomlegging på gang, og at sjukehuset vert nedlagt bit for bit, varslar plasstillitsvald for sjukepleiarane ved Nordfjord sjukehus, Martha Kjøllesdal.

Kjøllesdal viser til at Helse Førde-styret i juni gjorde vedtak om at akuttortopedi som treng anestesi skulle overførast til Førde. For få veker sidan fekk dei på bordet forslag som innebar at overvakingsavdelinga og røntgenlegen vart vurdert fjerna. No blir det sagt at røntgenlegen er trygg og at OVA blir lagt på vent, men ein skal likevel utgreie konsekvensane av ei nedlegging av OVA. Det har vore sagt at ortopediplanen ligg fast, men det kjem likevel framleis signal om at det på sikt berre skal vere scopisk kirurgi (kikholskirurgi) ved Nordfjord sjukehus.

- Det siste er det hittil sterkaste åtaket på sjukehuset. Ortopedien ein av dei sterkaste grunnpilarane, seier Kjøllesdal, som fryktar at dette kan bli eit så sterkt slag at sjukehuset blir liggjande med broten rygg og ikkje lenger kan kallast eit sjukehus.

- Vi får ikkje fred. Stadige utspel om nye omleggingar ved sjukehuset gjer det svært vanskeleg å jobbe her, og vi fryktar spesialistflukt, seier Martha Kjøllesdal.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar