fredag 7. november 2008

Sogn: Føden kan bli feriestengd


SOGN AVIS Det kan gå mot feriestenging av fødestova i Lærdal i 10 veker i 2009. Dette blir stadfesta av fleire kjelder overfor Sogn Avis.

Det er snakk om to veker stenging til påske, seks til sommaren og to veker til neste jul. Administrerande direktør Jon Bolstad seier han ikkje vil kommentera slike rykte.

– Eg går ut frå at slike rykte kan ha oppstått i samband med budsjettbehandlinga for 2009. Her er det frist for innlevering av klinikkvise budsjett den 15. november. Før den tid kan eg ikkje kommentera noko, eit slikt rykte har heller ikkje nådd meg. No er det ikkje alle som skjønar kva som er interne prosessar og kva som ikkje er det, eg veit uansett ikkje noko meir før den 15.

Tema
Bolstad legg til at feriestenging er eit tema kvart år, ikkje berre når det gjeld føden.
– Me planlegg sommarstenging veldig tidleg, me drøftar tidlegare og tidlegare korleis drifta skal vera ved dei ulike sjukehusa. Dette gjer me av fleire grunnar, blant anna i høve til planlegging av oppussing eller andre tekniske ting ved ulike avdelingar slik at me kan sikra ei god drift gjennom heile året. Det er då heller ikkje unaturleg at me har feriestenging der det måtte vera mogleg i høve til drifta.

I fjor fekk helseføretaket eit brev frå departementet der det vart gjeve ei klar melding om at økonomi ikkje skulle vera årsak til feriestenging av fødestover eller fødeavdelingar. Bolstad presiserer at økonomi åleine ikkje skulle vera ein grunn.
– Her må me gjere ei vurdering av drifta dei ulike stadene i høve til tilgang på personell og kapasitet.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar