søndag 21. mars 2010

Fagforbundet i Sogn om høyringsrapporten til Helse Førde


Fagforbundet Aurland
Fagforbundet Lærdal
Fagforbundet Årdal
Fagforbundet Vik
Fagforbundet Sogndal
Fagforbundet Luster
Fagforbundet Leikanger
Fagforbundet Balestrand
Fagforbundet Høyanger

Fagforbundet har lese høyringsrapporten der ein legg fram ulike modellar for framtidig organisering av spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane.

Fagforbundet har eit anna syn enn det rapporten legg opp til. Vi meiner at ein skal halde fast ved at Sogn og Fjordane skal ha eit sentralsjukehus som i andre fylke. I tillegg meiner vi at det er naudsynt å halde fast ved eit lokalsjukehus i Lærdal og eit på Eid. Dette oppfyller kravet om nærleik og tryggleik til helsetenester for alle deler av fylket. I dette biletet ser me at sentralsjukehuset òg er lokalsjukehus for Sunnfjordsregionen i tillegg til å vere heile fylket sitt sentralsjukehus med ein del spesialiserte tenester.

Slik vi ser det, vil denne organiseringa bety mykje for rekruttering av helsepersonell til heile fylket: legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og anna fagpersonell. Ein annan, ikkje ubetydeleg funksjon som sjukehusa har er å bidra til utdanning og rekruttering av personell til kommunehelsetenesta. Vi påstår at det er ei av dei største utfordringane kommunane har for framtida.

Bakgrunn for omorganiseringa som no blir foreslått i spesialisthelsetenesta, ligg etter vårt syn på val av føretaksmodellen som organisatorisk styringsmodell. Med denne modellen ligg det i dagen at det økonomiske perspektivet vil vege tungt både i høve tenestetilbod og organisasjon. Fagforbundet har heilt frå modellen vart føreslegen vore usamd i dette valet og meiner at den ville føre til feil fokus og nedbygging av tenester.

• Henta frå Fjordenes Tidende (pdf-utgåva) fredag 19. mars 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar