tirsdag 27. april 2010

Formannskapa i Ørsta og Volda: Saman for sjukehuset


SUNNMØRSPOSTEN – Sjukehusa i Ålesund og Volda er som høgre og venstre handa til Helse Sunnmøre.

Slik formulerte kommunelege Arne Gotteberg det då formannskapa i Ørsta og Volda på eit fellesmøte vedtok ein samla uttale om kva som bør vere Helse Sunnmøre sin strategi i åra som kjem.

Særleg overraskande var det ikkje at eit samrøystes dobbelt-formannskap meinte at Volda sjukehus må ha fødeavdeling og akuttfunksjon i framtida også.

Milliardinvesteringar
Formannskapa viste til at fylkestinget nyleg vedtok at Møre og Romsdal også i framtida bør ha fire sjukehus.

Politikarane viste til at storsamfunnet har investert milliardar i vegsamband rundt Volda, noko som vil kunne styrkje Volda som lokalsjukehus.

Dei to formannskapa rosar Helse Midt-Norge og Helse Sunnmøre for at det er oppretta dialog med Helse Vest og Helse Førde.
Dette kan også styrkje Volda-sjukehuset, som kan verte akuttsjukehus og fødesjukehus for delar av Nordfjord, ikkje minst etter at Kvivsvegen opnar i 2012.

Nordfylket
Under den relativt korte debatten vart det trekt ei klar grense mellom Sunnmøre og Romdal/Nordmøre.

– På Sunnmøre har vi like mange innbyggjarar som Romdal og Nordmøre til saman. Det er eit godt argument for at vi framleis skal ha to fullverdige sjukehus på Sunnmøre. Og Volda-sjukehuset kan altså om få år få eit kraftig utvida nedslagsfelt, sa Volda Venstre sin representant Helge Hamre.

• Les saka i Sunnmørsposten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar