tirsdag 6. april 2010

Nordfjord kjenner seg svikta


NRK SOGN OG FJORDANE - Sjukehussaka er eit svik mot Nordfjord, meiner fortvila innbyggjar som kjenner seg som framande i eige fylke.

Folk i Nordfjord er djupt frustrerte over Helse Førde som vil gjere lokalsjukehusa om til lokalmedisinske senter utan akuttfunksjonar og sengepostar. Berre dagpoliklinikkar og delvis kommunale senger kan bli verande att.

HØYR: Svik mot Nordfjord

- Eg er heilt imot det, og har vore det heile tida, seier Jorunn Sætren i Måløy.

Ser mot Sunnmøre
Helseføretaket vil spare 150 millionar kroner på å gjennomføre framlegget. Nordfjordingen som NRK treff på gata i Måløy, meiner regionen no opplev eit svik frå resten av fylket. Enkelte meiner situasjonen er så ille at regionen like godt kan gå over til Møre og Romsdal.

LES OGSÅ: Slik reagerte ordførarane

- Dersom dei ikkje snur, så må eg seie at nordfjordingane har mykje betre tilbod i Volda enn dei har inne i Førde, seier ein og meiner at føretaksleiinga i Førde ikkje tenkjer på pasientane sitt beste.

- Ser berre pengar
- Dei ser berre pengar, og ikkje noko anna, meiner han.

Fylkesdebattant og forskar ved Høgskulen i Sogndal, Eli Bjørhusdal, meiner helsesaka har blitt eit paradoks. Vanlegvis blir utkantane oppfatta som avhengige av eit senter i fylket, men no er det kutt i Nordfjord og i Sogn som skal berge spesialistfunksjonanene i Førde.

Svekkar driftsgrunnlaget
Eli Bjørhusdal meiner sjukehussaka har blitt eit paradoks.
- Eg tenker vel gjerne at utkantane i fylket er meir avhengig av sentrum enn omvendt, men denne saka viser også at sentrum avheng av utkantane for å halde på dei fylkesinstitusjonane som sentrum også treng, seier ho.

Bjørhusdal trur mange pasientar vil reise ut av fylket, og dermed svekke driftsgrunnlaget til Helse Førde.

Krev for mykje
Mange NRK snakka med på gata seier at dei vil nytte seg av tilboda på Sunnmøre framfor Sunnfjord og det same kan skje i Indre Sogn. Bjørhusdal meiner at Helse Førde si leiing ikkje kan krevje at folk skal vere lojale brukarar.

LES OGSÅ: Kritisk Selje-ordførar

Eli Bjørhusdal meiner sjukehussaka har blitt eit paradoks.
- Kan ein avkrevje ein lojalitet til fylket eller Førde frå folk som rett og slett finn det greiare å reise ut av fylket? Eg vil nok meine at det å avkrevje ein slik lojalitet vil vere ein nokså føremålslaust moralisme og at ein heller må spørje om det er andre, til dømes leiinga i Helse Førde, som har ansvar for å tenke igjennom denne interessefellesskapen mellom sentrum og periferi, seier ho.

Enormt engasjement
Også politikarane i Nordfjord merkar trøkket. Leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Selje Gunn Helgesen (Krf) seier ho opplev eit enormt engasjement.

LES OGSÅ: Sterke reaksjonar på kuttforslag

- Det er frå alle; næringslivet, organisasjonar, pensjonistlag, politisk. Alle rører seg. Ut frå det så skjønar eg godt engasjementet i høve til at det framlegget som ligg føre no, viser Sogn og Nordfjord ut av fylket, seier ho.

- Utruleg lettvint
Helgesen meiner engasjementet ikkje blir mindre av at dei fagre løfta frå valkampen vert klart brotne. Mange i Nordfjord har trudd at lokalsjukehussaka var avklara når regjeringa lova at ingen lokalsjukehus skal leggast ned og at det skal vere nærheit til akutt og fødetilbod.

Men så gjer Helse Førde og helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen om lovnaden til eit definisjonspørsmål om kva som er eit sjukehus.

- Det er ganske alvorleg, og utruleg lettvint. Med berre ei setning kan ein endre ting som i statlege dokument står heilt fast, meiner Selje-ordføraren.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar