mandag 19. april 2010

Nordfjord sjukehus: Redda to liv


FJORDABLADET Laurdag ettermiddag vart det redda to liv ved Nordfjord sjukehus. Samstundes som sjukehusteamet jobba på spreng med å stabilisere ein av alvorleg skadd pasient, utvikla ein normal fødsel seg til å bli hastekeisarsnitt.

Helga som vi har bak oss viser til fulle kor viktig det er å behalde dagens funksjonar ved Nordfjord sjukehus. Lege Henry Kvist karakteriserer den jobben som vart gjort ved Nordfjord sjukehus med å stabilisere ein alvorleg skadd pasient frå den tragiske bilulukka som så profesjonell at det ikkje kunne ha vore gjort betre på eit universitetssjukehus.

Samstundes utvikla ein normal fødsel seg til å bli ein alvorleg situasjon. Fødselen som hadde gått som normalt til 9-10 cm opning, viste seg å bli ein ansiktsfødsel. Dette er ein alvorleg og akutt tilstand der ansiktet er på veg til å kome ut først med stor fare for at barnet bryt nakken. Hastekeisarsnitt vart sett i verk av gynekologen med team, og barnet vart teke med keisarsnitt i løpet av få minutt.

– Vi redda to liv. Hadde det ikkje vore for lokalsjukehuset, hadde det vore fire døde, tre frå bilulukka og eitt barn, seier Kvist.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar