tirsdag 27. april 2010

Toppe (Sp) på Stord sjukehus: Forstår både uro og krav


SUNNHORDLAND Lege og stortingspolitikar Kjersti Toppe (Sp) var på Stord sjukehus og såg seg om i går.

– Er bygningen verkeleg freda? spurde ho tilsette, og fekk ja til svar.

Toppe er sjølv allmennlege og sit som nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Ho skjøna godt frustrasjonen blant dei tilsette då dei fortalde mellom anna om golvbelegg frå 70-talet som vert teke ut for reinsing, og lagt inn på plass att.
– Det går vel an å søkja om dispensasjon? spurde ho.

Under omvisinga fekk Toppe sjå dei nye og flotte avdelingane, men òg korleis verneplanen set stoppar for arbeid. Det er ikkje berre enkelt å driva moderne sjukehus i ein freda bygning.
– Dette med freding visste me ingenting om før det kom, sa Jorge Del Pino.

Samhandling først
Toppe kjenner til at tilsette ved Stord sjukehus ønskjer seg til Helse Bergen.

– Kva meiner du om det?
– Me i Senterpartiet var i utgangspunktet usamde i foretaksmodellen, men no har me han, og då får me gjera det beste ut av det, sa ho i går.

Med det meiner ho ikkje at saka er uaktuell.
– Både endringar i samferdsle og samfunnet elles gjer at me stadig må diskutera det, seier ho og viser til Hardanger der folk er byrja å tenkja i same banar. Ho viste òg til Skottland der dei reverserte helsereforma, og fekk budsjett i balanse, og ventelister forsvann.

Kjersti Toppe har fått med seg Plan Somatikk og at akutt gastrokirurgi er foreslått flytta til Haugesund. Det meiner ho på sikt vil føra til nedbygging og seinare til nedlegging av Stord sjukehus, for ho trur det vil verta mangel på fagfolk ved eit slikt sjukehus. Ho er kritisk til at Plan Somatikk vert utarbeidd før samhandlingsreform og fødselsmelding er ferdig utarbeidd.

Lokallagsleiar Johannes Landmark og fleire andre lokale politikarar følgde Kjersti Toppe under gjestinga på Stord. Ho var innom ved apoteket i Amfisenteret og snakka med tilsette der, og heldt seinare på kvelden føredrag i Sveio om samhandlingsreforma.

• Les saka i avisa Sunnhordland ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar