torsdag 17. juni 2010

– Blått lys for Sp i trepartiregjeringa


FJORDABLADET – Dersom ikkje regjeringa og raudgrøne stortingspolitikarar grip inn og stoppar dei pågåande prosessane i helseføretaka rundt om i landet, bør Senterpartiet trekkje seg frå regjeringssamarbeidet.

Dette var den krystallklare meldinga frå Kjell-Mange Åshamar, Sp sin varaordførar og formannskapsmedlem i Eid, då formannskapet torsdag kveld drøfta situasjonen for Nordfjord sjukehus.

– Vi har brukt alle dei demokratiske mogelegheitene vi har, utan at det ser ut til å ha gitt noko som helst resultat. Vi har gjort vedtak på årsmøtet i fylkespartiet og kommunepartiet. Vedtak som er i tråd med Senterpartiet sitt program. Vedtak som er i tråd med det den raudgrøne regjeringa har nedfelt i Soria Moria, og som er gjenteke både av statsminister og helseminister ved fleire høve. I tillegg har vi hatt mange møter, og snakka med dei som kan påverke situasjonen og stoppe raseringa av lokalsjukehusa, seier den profilerte Sp-politikaren.

Lokalsjukehus med innhald
Vi har skrive brev og nytta alle dei demokratiske verktøya vi har. Dei svara vi har fått, både frå våre stortingspolitikarar og regjeringsmedlemmer, har vore rimeleg klare på at vi som bur ute i distrikts-Norge skal likeverdige helsetenester med resten av landet. At vi skal ha lokalsjukehus med eit innhald som stettar behova befolkninga i distrikta har. Trass i dette så opplever vi no at helseføretak landet rundt køyrer prosessar, der lokalsjukehusa blir forsøkt nedlagt og tappa for innhald, seier Åshamar.

Stopp nedlegginga
– For det først provar dette at helseføretaka er utanfor ein kvar demokratisk påverknad og politisk kontroll. For det andre provar det at helseføretaka ikkje tek sentrale styringssignal på alvor. Dersom regjeringa meiner alvor med det den har sagt og seier og ønskjer å halde lovnadene ein kom med i valkampen og seinare i regjeringserklæringa, er det heilt naudsynt at dei som har mynde til det grip inn og stoppar prosessane i helseføretaka. Dersom ikkje det skjer så har ikkje Senterpartiet noko å gjere i den raudgrøne regjeringa, seier Kjell-Magne Åshamar som føler både maktesløyse og at situasjonen er fullstendig håplaus.

Ikkje berre Helse Førde
Åshamar har forståing for at det kan vere vanskeleg for partileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete og berre kjempe mot det som skjer i Helse Førde.
– Mitt poenget er at det ikkje berre handlar om situasjonen i Helse Førde og lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid, sjølv om det er dei som ligg mitt hjarte nærast. Det handlar om liknande prosessar i dei fleste regionale helseføretaka landet over, seier Åshamar og legg til at han har lite tru på at styret i Helse Førde kjem til å gå mot framlegget frå eigen administrasjon.
– Difor er det, etter mitt syn berre den politiske leiinga med helseministeren i spissen som kan sette foten ned og stoppe prosessane og raseringa av helsetilbodet til folke rundt om i store delar av landet.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar