mandag 21. juni 2010

Nordfjord: Ap-folk melder seg ut i protest


SUNNMØRSPOSTEN Kommunestyrerepresentant Rolf Lefdal i Eid er i harnisk. No melder han og andre lokale Ap-medlemmer seg ut av partiet etter Helse Førde-styret sitt vedtak om nedlegging av Nordfjord sjukehus.

– Eg kan ikkje vere medlem i eit parti som behandlar veljarane sine på ein slik måte som det vi no opplever. Dette kan eg rett og slett ikkje stå inne for, seier kommunestyrerepresentant Rolf Lefdal frå Nordfjordeid.

Leverte utmelding
Saman med partikollega og kommunestyrerepresentant Per Inge Midthjell leverte dei utmelding av Arbeidarpartiet kort tid etter at det vart kjent at Nordfjord sjukehus skal nedleggast.

– Som politikarar har vi gått til val på eit program som ein skal stå inne for. No bryr ikkje fylkestingpolitikarar seg om dette, men vel heller å bryte programmet. I staden er dei så feige å ikkje tore å stå for eit program, og då kan eg ikkje vere medlem av partiet meir, fastslår Lefdal.

Alvorlig situasjon
Fleire andre lokale Ap-medlemmer har også meldt seg ut.

– Dette er ein svært alvorleg situasjon, seier han, som også mislikar kva leiar Sogn og Fjordane Ap har signalisert tidlegare.
– Han kan ikkje drive på slik han driv, skiftar hatt etter kven han snakkar med, seier han.

Lurer veljarane
Lefdal påpeikar at sjukehuset er den viktigaste institusjonen i heile Nordfjord.
– Det høyrer ikkje heime at Ap-representantar skal vere med å legge ned sjukehuset vårt. Sjukehuset skapar tryggleik for folket i heile regionen, seier Lefdal.

Han er ikkje i tvil om at ein lurer veljarane som har stemt på Ap.
– Når Ap-politikarar er med på å legge ned Nordfjord sjukehus lurer dei veljarane. Representantskapet i Sogn og Fjordane Ap stemte for full fødeavdeling i Nordfjord, og ein skulle oppretthalde fødestove i Lærdal. Dette vart vedtatt mot berre seks-sju stemmer. Representantskapet er høgaste organ i Ap, og då er det lureri når fylkespolitikarane ikkje bryr seg om kva som er vedtatt her. Hadde det vore nokre andre veljarar hadde dei sikkert vore ekskludert. Og kvar er stortingsrepresentantane frå Ap i denne saka? Dei er så feige at dei ikkje torer å seie eit ord, tordnar Lefdal.

Det einaste som kan få han til å vurdere denne saka på nytt er at helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen grip inn og stoppar nedleggingsprosessen.

• Les saka i Sunnmørsposten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar