torsdag 24. juni 2010

Uttale frå Sogn og Fjordane SV: Helseforetakets endelikt


UTTALE FRÅ SOGN OG FJORDANE SV, 20. JUNI 2010: HELSEFORETAKETS ENDELIKT

Helse Førde og demokratiet
På etterjulsvinteren har det vore ei brei høyring om framtidig strategi for Helse Førde. Utgangspunktet var eit høyringsframlegg, mellom anna basert på ein konsulentrapport. Strategidokumentet vart forsvart opp og ned av dei ulike styrerepresentantane i Helse Førde også på dette tidlege stadiet. Etter denne runda, der så mange meinte så mykje, ser det ut til at Helse Førde sitt styre har drive med eit spill for galleriet. Forsvaringa av strategidokumentet var reell, ingen ting skal endrast, same kva som kjem av signal frå lokale og regionale aktørar. Kanskje vi kunne vore spart for denne pseudoinvolveringa?

Helse Førde og politiske signal
Det er ingen koplingar mellom fylkespolitisk nivå og Helse Førde. Dette er ein del av føretaksmodellen, der helseføretaka først og fremst er eit utøvande organ for nasjonal spesialisthelseteneste. Sjukehusaksjonar, lokalpolitikarar og andre engasjerte, enten med ståstad i lokalmiljø som er råka av sjukehusnedlegginga eller med ansvar spesielle pasientgrupper , har denne våren vore aktive for å få regjering og sentrale politikarar til å seie kva lokalsjukehusa er og kva som er statusen deira i denne stortingsperioden. Fleire statsrådar, frå fleire parti, ja til og med helsestatsråden har verna lokalsjukehusa og gjeve dei eit innhald med sengeplassar, legespesialistar og ansvarsområde. Ikkje ein gang desse signala har Helse Førde vektlagt, men held ”stø kurs”.

Helse Førde og legitimitet
Styret i Helse Førde som skal utføre nasjonale spesialisthelseteneste, med Helse Vest som mellomstasjon burde ha som si fremste oppgåve og skape lokal legitimitet for helsepolitikken, sjølv med vanskelege økonomiske rammer. Men sidan verken nasjonale signal eller lokale høyringar påverkar styret i Helse Førde, blir dei ein passiv gjennomfører av Helse Vest sine pålegg. Då treng vi ikkje eit styre, men ein styrar.

Føretaka – feil diagnose, feil medisin og svekka tillit til offentlege tenester
SV har vore kritisk til føretaksmodellen sidan starten. Helse er velferd og ikkje butikk. Når vi ser den manglande politiske forankringa og korleis både nasjonale og lokale omsyn blir sett til side er det på tide å finne nye styringsmodellar for spesialisthelsetenesta. Det mest kritiske no er at modellen svekker tiliten til vår velferdsmodell og våre velferdstenester.

• Les saka på Sogn og Fjordane SV sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar