lørdag 19. juni 2010

Vil halde fram kampen


FJORDABLADET Sjølv om styret i Helse Førde no har brukt både øks og hammar på Nordfjord sjukehus, nektar leiaren i Nordfjordrådet, Selje-ordførar Gunn Helgesen, Eid-ordførar Sonja Edvardsen (Ap) og fylkesnestleiar i Fagforbundet, Randi Aanonsen, å gje opp sjukehuskampen.

– Eg forventar at helseministeren grip inn og gjer om vedtaket, seier Sonja Edvardsen. Ho viser til at under besøket på Nordfjordeid var ministeren heilt klar på at ein skulle vente med å vurdere fødetilbodet til hausten når meldinga om fødetilbodet er klar. Ho vil no ta saka opp med helse- og omsorgsministeren på ny. Edvardsen er svært skuffa over at folkevalde representantar i styret ikkje tek styringssignala frå ministeren på alvor.

– Tragisk
– Det var som venta. Tragisk. No må ein prøve å påverke det ein kan overfor sentrale myndigheiter, seier fylkesnestleiar i Fagforbundet, Randi Aanonsen.
– Men er ikkje alt håp ute?
– Det går ikkje an å gje seg i ei så viktig sak. Vi må i alle fall prøve å få behalde fødetilbodet på Eid. Det verkar også lite framtidsretta å leggje ned eit velfungerande ortopeditilbod, seier ho til Fjordabladet.

600 på venteliste
Dei tre peikar på at ministeren har sagt klart i frå at ein skal avvente gjennomgangen av fødselsomsorga. Det er også slik at ortopedien på Nordfjordeid er eit fylkesdekkjande tilbod. Det står over 600 på venteliste, og ein del av behandlingstilboda vert ikkje gjort andre stader i fylket. Det betyr at pasientane må ut av fylket for å få dette tilbodet. Viss Helse Førde er opptekne av rekruttering, bør dei behalde dei spesialistane dei har på Nordfjordeid.

Leiaren i Nordfjordrådet, Gunn Helgesen vil halde fram kampen for sjukehuset. Ho tykkjer ikkje ting stemmer over eins.
– Det er mange som prøver å få i både pose og sekk. Ministeren reiser rundt for å roe gemytta. Eg hadde forventa at noko skjedde frå sentralt hald som stod i stil med det som ho har sagt, seier Helgesen.
– Helse Førde-administrasjonen sitt framlegg var alvorleg nok, men sidan dei ikkje får meir midlar, skjer endringane tidlegare enn det dei hadde lagt fram, konstaterer ho.
– Er alt håp ute?
– Nei, håpet er det siste som går, seier leiaren i Nordfjordrådet, Gunn Helgesen (KrF).

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar