onsdag 10. november 2010

Fagforbundet Sogn og Fjordane: Politikarane må på bana i sjukehusdebatten


PORTEN -Det som er i ferd med å skje med sjukehustilbodet er ikkje ”Trivselsfylket” Sogn og Fjordane verdig, meiner Representantskapen i Fagforbundet Sogn og Fjordane.

Dei meiner politikarane no må vakne og kjenne si besøkelsestid.

- Det skal vere godt og trygt å bu i alle deler av fylket. Dette skal underbyggjast - ikkje undergravast. Den undergravinga som skjer no pregar sjukehusdebatten, står det i uttalen frå Fagforbundet.

Utviklinga i spesialisthelsetenesta er på feil spor
Fagforbundet meiner innbyggjarane i Sogn og Fjordane må sikrast eit sjukehustilbod som er i tråd med det vi har behov for. Nedlegging, nedbygging, nedbemanning og ikkje minst lokalisering, er ei avsporing. Grunnlaget for den debatten er kun økonomi. Vi forventar at politikarar på alle plan forstår dette og tek kravet om eit godt og forsvarleg sjukehustilbod på alvor. Det krev vi av dei vi har gjeve vår stemme til.

Vi påstår at hovudproblemet i spesialisthelsetenesta er foretaksorganiseringa og den rekneskapsmodellen som vert nytta. Når sjukehustilbodet til innbyggjarane skal tuftast på markedsøkonomiske prinsipp, så pregar dette debatten. Markedsliberalisme og New Public Management kan ikkje nyttast som styringsverktøy på offentlege tenestetilbod generelt, og spesielt ikkje på sjukehustilbodet.

Politikarar som ynskjer vår stemme ved kommune - og fylkestingsvalet i 2011, og stortingsvalet i 2013 må innsjå at det vi har peika på er hovudårsaka til utfordringane i spesialisthelsetenesta. Dette må det gjerast noko med, meiner Fagforbundet.

Dersom styringsmodellen i helseforetaka ikkje vert endra, er det ein reell fare for at tilbod som høyrer fellesskapet til, endar i hendene på private investorar som har høgast muleg profitt som mål. Fleire stader i landet er det skilt ut tenester som etter vår meining høyrer til ”kjerneområda” i spesialisthelsetenesta.

Vi kan ikkje tillate at offentlege tenestetilbod vert "snikprivatisert", heiter det.

Representantskapet i Fagforbundet Sogn og Fjordane krev eit trygt, godt og fullt ut forsvarleg sjukehustilbod. Innbyggjarane i ”Trivselsfylket” Sogn og Fjordane og i resten av landet forventar og fortener det.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar