fredag 26. november 2010

Gjev tilsette fri for å demonstrere


FJORDABLADET Fleire bedrifter i Eid gjev tilsette fri med lønn dersom dei vil reise til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Nordfjord sjukehus. – Vi ønskjer å fronte at framtida for sjukehuset er viktig både for befolkninga og for næringslivet, seier dagleg leiar i Opal AS, Ole Petter Henden.

Opal AS har 22 tilsette, Eid Elektro AS har 32 tilsette og Coop Mega har om lag 30 tilsette. Dei tre Eida-bedriftene har bestemt seg for å vere aktive med i kampen for å oppretthalde Nordfjord sjukehus og har tilbode sine tilsette fri med lønn for å vere med på den store landsomfattande sjukehusaksjonen som skal gå av stabelen ved Stortinget i Oslo 6. desember frå klokka 16.00 til 17.00. Ole Petter Henden i Opal, Ove Kjøllesdal i Eid Elektro og Frode Taklo i Coop Mega oppmodar alle andre bedrifter om å gjere det same.

Det vil bli sett opp bussar, og folk kan melde seg på via servicekontora i kommunane. Også folk som bur i Oslo-distriktet vert oppmoda om å ta med seg lommelykter og delta.


– Uhaldbart
– Å oppretthalde eit fullverdig lokalsjukehus er heilt avgjerande for befolkninga og næringslivet i Nordfjord. Det er heilt uhaldbart at befolkninga i Nordfjord skal bli fråtekne sjukehustilbodet, seier Ole Petter Henden. Han er overtydd om at dersom Nordfjord sjukehus no vert rasert, vil det bety slutten på Helse Førde og også starten på slutten for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dersom store delar av Nordfjord no orienterer seg nordover, vil både behovet for eit eige helseføretak og for fylkeskommunen blir kraftig redusert.


Varig svekking
Sjukehuset er ein svært viktig faktor både i forhold til å vere ein tryggleikbase og i forhold til arbeidsplassar og utviklinga av næringslivet i regionen.

– Det er veldig viktig for næringslivet i heile Nordfjord å ha nærleik til sjukehustenester. Sjukehuset er også viktig for Nordfjord som arbeidsplass, seier Ove Kjøllesdal i Eid Elektro. Næringslivet ser på sjukehuset som samfunnmessig veldig viktig for utviklinga av regionen.

– Politikarane må sjå på heilskapen. Nedlegging vil bety ei varig svekking av Nordfjordregionen som langt overgår eventuelle besparelser, seier Ole Petter Henden.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar