onsdag 1. desember 2010

Helse Vest i styremøte 1. desember: Lite kunnskap om reisetid


FJORDABLADET Styret i Helse Vest demonstrerte pinleg mangel på kunnskap om avstandar og reisetid for folk som dei no fjernar viktige sjukehustilbod frå.

Lange avstandar har vore hovudankepunktet mot nedlegging av viktige føde- og akuttilbod i Nordfjord. Likevel hadde ingen av styremedlemmene sett seg inn i kor lange avstandane er og kor lang reisetida vert som følgje av den nye modellen som dei no har vedteke.

Styremedlem Gunnar Berge stilte spørsmål om kva avstandar ein snakkar om og detaljer rundt dette, men korkje adm. dir. Herlof Nilssen, styreleiar Oddvard Nilsen eller andre i styret klarte å hugse desse tala. Ikkje eingong styremedlemmen frå Sogn og Fjordane, Gerd Dvergsdal, kunne svare på dette. Det gjorde heller ikkje representantar frå administrasjonen. Det næraste ein kom var fagdirektør i Helse Vest, Bård Christian Schem, som sa at frå Eid til Førde var reisetida ein time og tre kvarter med vanleg køyring. Han sa vidare at frå Eid til Volda er det i dag i underkant av ein time, men her er det ferje. Med Kvivsvegen blir det ikkje vesentleg forskjell i reisetid, men ein får då ferjefritt samband. Schem kunne også hugse at det vart rekna å ta om lag ein time frå Selje sentrum til Eid, men kunne ikkje seie noko i forhold til bygder som ligg lenger unna.

Det vart også spurt om avstanden frå Lærdal til Voss. Ingen kunnes svare på kor langt det er, men Oddvard Nilsen var nesten sikker på at det tok kring tre timer med bil frå Lærdal til Flesland.

Det vart sett punktum på tilløpet til reisetidsdiskusjon ved at Gunnar Berge spøkefullt tilbydde seg å ta ein telefon til Kjell Opseth.


Litt dumt
Adm. dir. Herlof Nilssen vedgår overfor Fjordabladet at det var litt pinleg at dei ikkje hadde tal for avstandar og reisetid.
– Det var litt dumt at vi ikkje hadde det. Vi burde hatt tabellane med oss. Eg har sett tabellar på det og ser at det er ein del som får lenger reisetid. Men totalt sett blir det eit betre tilbod som er framtidsretta og robust. Eg trur det vil vere eit framtidsretta og godt tilbod, seier Nilssen.

Ifølgje leiaren i sjukehusaksjonen, Svein Hansen er det 9,2 mil frå Honningsvåg i Selje til Nordfjordeid og 19,2 mil pluss ferje frå Honningsvåg til Førde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar