onsdag 15. desember 2010

Leder i Klassekampen: Sprengkraft


KLASSEKAMPEN, LEDER 15.12.2010 AV KJELL-ERIK N. KALLSET

* Tusenvis av demonstrantar møtte Anne-Grete Strøm-Erichsen med brennande faklar, da ho kom til Molde i går. Sinnet kjem av at ho ikkje vil starte bygging av nytt Molde sjukehus, som folk meiner dei er lova. Statsråden vart møtt med buing, rop om «Nytt sjukehus no» - og eit stort banner med påskrifta: «Ap voldtar lokaldemokratiet». Det er nye tonar i den tradisjonelt småborgarlege jazzbyen.

* Å vera helseminister er ingen dans på roser. For ei veke sidan var «raseri» den kollektive diagnosen på innbyggarane i Kristiansund, Ap-bastionen og nabobyen til Molde. På ein dag gjekk statsråden frå å vera samfunnsfiende til å bli folkehelt i Kristiansund, da ho slo fast at føde- og akuttavdelingane ikkje skal leggast ned. Samtidig gjorde Strøm-Erichsen det klart at ho ikkje har pengar til å bygge nytt sjukehus i Molde. Mens nordmøringane skålte i sjampanje, vart det brygga på reint sinne i Molde.

* Sjukehusopprøret i Molde skil seg frå aksjonar andre stader. Mens folk på Nordmøre og i Nordfjord har kjempa for å oppretthalde sjukehusa, sjølv om helsestyresmaktene meiner dei ikkje er gode nok, kjempar Molde for eit nybygg. Men sjukehusopprøra har fleire fellestrekk: For det første ser ein at organiseringa av helsevesenet skaper meir uro enn før. For det andre blir det skapt brutale lokale motsetningar, som mellom Kristiansund og Molde. Og aller viktigast: Det er inga sak veljarane er så opptatt av som helse- og omsorg. Derfor er sjukehussaka langt meir eksplosiv og farleg for regjeringa enn kranglar om monstermaster eller statsrådsgåver.

* Det verkar - merkeleg nok - som om regjeringa ikkje har forstått sprengkrafta i sjukehusstriden. I månad etter månad har folk bygd opp uro knytt til lokalsjukehuset sitt, og når helseministeren trur ho skal skape ro i Kristiansund, skaper ho nytt sinne i Molde. Men regjeringas svake handlekraft og dårlege handlag er berre symptom. Hovudproblemet er at helsereforma har svekt styringa og smuldra opp ansvaret for sjukehusa. Den alvorlege diagnosen er at Helse-Norge manglar folkeleg forankring og demokratisk legitimitet.

• Les lederen i Klassekampen ved å klikke her eller på overskriften

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar