lørdag 11. desember 2010

Markerer sjukehussaka


PORTEN Varaordførar Marie Helene H. Brandsdal i Årdal var ikkje vanskeleg å be, då leiar i ungdomsrådet i Lærdal, Helge Bjørkum, utfordra henne til å markere sjukehussaka komande måndag på Lucidagen.

Kampen ikkje over
På bakgrunn av vedtaket i Helse Vest om å redusere tilboda ved lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane, arrangerer no ungomsrådet i Lærdal med leiar Helge Bjørkum i spissen, ei markering for sjukehuset i Lærdal. I tillegg til eit samarbeid med Forsvar Lærdal sjukehus.

- Kampen er ikkje over, folk vert oppfordra til å vere med på ei kort markering av sjukehussaka måndag 13 desember kl. 17.00. Både Lærdal, Årdalstangen, Øvre Årdal, samt fleire kommunar i Nordfjord vil markere dette samtidig, opplyser Bjørkum.


Tok utfordringa
Varaordførar Marie Helene Hollevik Brandsdal seier til Porten.no, at ho vart utfordra av Helge Bjørkum, og at ho tok utfordringa på strak arm.

På Årdalstangen vert det appell av kommunestyrerepresentant Anne Kauppi, i Øvre Årdal vil varaordføraren sjølv stille med appell.

Det vil bli allsong begge stadar, der ein syng Jakob Sandes "Det lyser i stille grender". Songen skal ljome mellom fjella, og alle vert oppfordra til å ta med lommelykt.


Møter mannsterke
- I Lærdal er målet å møte mannsterke opp utanfor rådhuset. Presis kl. 17.00 skal det syngjast "Det lyser i stille grender". I Nordfjord syng dei 7 vers av songen, eit vers for kvar kommune. I Indre Sogn syng ein 3 vers, eit for Lærdal, Årdal og Aurland kommune, skriv Lærdal kommune på sine heimesider.

Det vil bli to korte appellar, og ungdomsrådet oppfordrar alle til å ta med lommelykt, lyslykt eller liknande. det vil òg bli servert pepperkaker til borna.

- Møt opp unge som gamle til kamp for sjukehuset vårt, er oppfordringa frå ungdomsrådet og leiar Helge Bjørkum, som håpar på god oppslutnad kring arrangementet.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar