søndag 19. desember 2010

SV: Etterlyser meir aktiv helseminister


NRK HORDALAND - Helseministeren må ta klarare politisk styring i spørsmål om lokalsjukehus, seier nestleiar i Hordaland SV, Signe Ekeland.

Framtida til lokalsjukehusa har igjen vore til debatt over heile landet denne hausten. Også i Hordaland kom det store reaksjonar etter at Helse Fonna i september vedtok å overføra delar av akuttilbodet ved lokalsjukehusa på Stord og i Odda til Haugesund og Bergen.

LES OGSÅ: - De raserer lokalsykehusene | Frykter utradering av lokalsykehus

Vil ta makta frå helseføretaka
No går Senterpartiet og SV i Hordaland saman for å ta makta frå dei lokale helseføretaka og leggja den over på politikarane.

- Sjukehustilbodet er eit politisk ansvar. Trass i at det i Soria Moria 2 tydeleg står at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, kjenner folk rundt Odda, Stord, Lærdal og Nordfjordeid seg utrygge fordi styra for dei ulike helseføretaka er i ferd med å leggja ned og svekka avgjerande akuttilbod, seier nestleiar i Hordaland SV, Signe Ekeland.

LES OGSÅ: Trua av fritt sykehusvalg| Klare til sjukehuskamp

- Må tydeleggjera omgrepet
Ho etterlyser klarare politisk styring frå helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

- Ho må vera tydeleg på kva ho legg i omgrepet lokalsjukehus. Det er eit minimum av innhald eit sjukehus skal ha for å vera eit sjukehus, seier ho.

Senterpartiet og Sv vil no ta initiativ til å få med andre fylkeslag av regjeringspartia i Hordaland og Sogn og Fjordane til å få ei slik klargjering frå helseministeren.

- Det trur me er starten på å få dette på rett veg igjen, seier ho.

• Les saka på NRK Hordaland ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar