tirsdag 6. desember 2011

Rettssaka om Nordfjord sjukehus: Hansen imponerte i tingretten


FJORDABLADET Tilhøyrar Rune Bruvoll var mektig imponert over leiar i Sjukehusaksjonen, Svein Hansen, som vitna i retten i dag i saka mot Helse Førde.

– Svein Hansen var utruleg dyktig, roleg og sakleg. Han la fram sjukehussaka på einfolkeleg måte og fortalde både om eigne erfaringar og om manglandetryggleik ved langetransportavstandar til sjukehus,fortel Bruvoll. Frå Ytre Stadlandet tek det tre timarmed bil til sjukehuset i Førde på godt sommarføre. Om vinteren tek turen fem timar og eit kvarter. Det er lang tid når det hastar og det ikkje erhelikoptervêr.

Rune Bruvoll har sjølv hatt slag og veit kor viktig tidsfaktoren kan vere. Han er ein av deimange somstøttar opp om Sjukehusaksjonen og han tok difor turen til Bergen for å få med seg rettssaka som går i Bergen tingrett i dag og i morgon.

Mykje av denne første dagen i retten gjekk med til prosedyrane til Sjukehusaksjonen sin advokat GerdAaland Fagerli frå advokatfirmaet Harris og Helse Førde sin advokat Trond Halland frå advokatfirmaet Thommessen As. Også adm. dir. Jon Bolstad frå Helse Førdevar framme og la fram helseføretaket sitt syn.

Frå Sjukehusaksjonen vitna, i tillegg til Svein Hansen også ortoped Rune Muri i dag. Hanshovudfokus var fakta i forhold til nedlegging av ortopedien og den planlagdeskadepoliklinikken som av Sjukehusaksjonenvert sett på som eit luftslott utan innhald.

I morgon skal mellom andre Jorunn Levorstad og Henrik Berg i vitneboksen.

Krev forsvarleg spesialisthelsetilbod

Det er sjukehusaksjonen ved Svein Hansen som har saksøkt Helse Førde for å sikre eitforsvarlegspesialisthelsetilbod for folk i Nordfjordregionen.

Helse Førde har vedteke å legge ned den ortopediske aktiviteten ved Nordfjord sjukehus 16. desember i år. Sjukehusaksjonen krev at dette vedtaket ikkje vert sett ut i livet. Deimeiner at vedtaket inneber athelseføretaket ikkje oppfyller kravet ispesialisthelsetenestelova om å tilby forsvarlegespesialisthelsestenester til folk i Nordfjord.

Stortinget har bestemt at lokalsjukehus med akuttfunksjon må som minimum haindremedisinskakuttberedskap, samt kompetanse til å utføre enklare kirurgiske prosedyrardøgnbasis.Sjukehusaksjonen meiner at tilbodet ved Nordfjord sjukehus ikkje vil oppfylle kravet til forsvarlegheit når vedtaket til Helse Førde vert sett ut i livet, og dei meiner diforat vedtaket er ugyldig.

Brei oppslutnad

Sjukehusaksjonen i Nordfjord vart stifta i november 2002. Organisasjonen har heilt sidanstiftinga engasjert seg for å behalde eit fagleg forsvarleg spesialisthelsetilbod for befolkninga i Nordfjord.Formålet til Sjukehusaksjonen er arbeide for å bevare og forbetredagens sjukehustilbod for befolkninga i nedslagsfeltet til sjukehuset og arbeide gjennom politiske kontaktar lokalt, regionalt og sentralt.Sjukehusaksjonen organiserer utspel, aksjoner og demonstrasjonar når det vert vurdert som nødvendig for å fremje dei nemndeformål, og likeeins opptre som part ovanfor forvaltning og domstol.

Tal medlemmer i organisasjonen er no om lag 850. Organisasjonen har i tillegg brei oppslutning frå store delar av lokalbefolkninga i Nordfjord, mellom anna gjennom oppmøte i fakkeltog/demonstrasjonarog underskriftsaksjonar


• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar