fredag 16. desember 2011

SV og Sp avlyser omkamp om fødestovene

NATIONEN.NO   Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen står fast ved avviklinga av ordninga med forsterka fødestover. SV og Sp vil ikkje ta omkamp på vedtaka.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen informerte stortingsrepresentantar om fødestovesaken onsdag ettermiddag.

Ho står fast ved at dei nye opplysningane i rapporten frå Helsetilsynet ikkje har følgjer for vedtaket om å avvikle ordninga med forsterka fødestover.

Helsepolitisk talsperson Geir-Ketil Hansen i SV vil ikkje seie at han er nøgd med tilbakemeldinga frå helseministeren i går, men kjem ikkje til å gå vidare med saka.

Les også: Ulik oppfatning om fødestover

—Vi har nok ulike vurderingar av dei forsterka fødestovene, men no har eg fått tilbakemelding på det eg har bede om svar på, og då har eg ikkje høve til å gå vidare med saka frå SV si side, seier han.

Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Sp trur heller ikkje det er meir å gjere med saka no.

—Nei, det skjer nok ikkje noko meir med saka no. Vi har den same usemja no som før. Eg er ikkje overraska over at vi får dei tilbakemeldingane vi får, men synet vårt står fast, seier ho.

Vil krevje utgreiing
Tidlegare denne veka gjorde stortingspolitikarar frå både regjeringa og frå opposisjonen det klart at dei villekrevje ei ny skriftleg utgreiing frå helseministeren om årsaka til avviklinga av forsterka fødestover.

Bakgrunnen for kravet var at det nyleg vart avdekt at Statens helsetilsyn ikkje har statistisk belegg for sine åtvaringar frå desember 2010 om risikoen ved å føde ved forsterka fødestover.

Fekk notat 
I går fekk raudgrøne helsepolitikarar på Stortinget eit notat frå helseministeren der det gjekk fram at dei faglege råda om å avvikle denne typen fødestover står ved lag.

—Både Helsetilsynet og Helsedirektoratet står på at dei ikkje tilrår forsterka fødestover. Det vert også sagt at tala frå Helsetilsynet, som no er kjende, ikkje endrar noko på dei faglege konklusjonane, seier Geir-Ketil Hansen (SV).

I desember 2010 skreiv direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn i eit brev til Helsedepartementet at risikoen for fødselsskadar er større på dei forsterka fødestovene enn på ordinære fødestover.

Les rettleiaren frå Helsedirektoratet

Konklusjonen bygde på ein førebels gjennomgang av 81 innrapporterte alvorlege skadar eller dødsfall under fødsel i treårsperioden mellom 2006 og 2008. Når den endelege gjennomgangen nyleg vart publisert, synte det seg derimot tvert om at det var rapportert inn fleire fødselsskadar frå ordinære fødestover enn frå forsterka fødestover i treårsperioden.

Les også: Krev at fødestovene får ein ny sjanse 

Altså det motsette av det Hanssen spelte inn til departementet for eit år sidan. Helsedepartementet har i ettertid sagt at talmaterialet frå Helsetilsynet ikkje var nytt for dei, og at det er for lite til å trekkje konklusjonar ut frå.

• Les saka på nettstaden til Nationen (nationen.no) ved å klikke her
• Pdf-fil av Nationen (eller einskilde sider) kan du kjøpa på www.buyandread.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar