tirsdag 26. november 2013

DEBATT: Kvalitet


KOMMENTAR I KLASSEKAMPEN, 25. NOVEMBER 2013
MAGNHILD FOLKVORD

• Forsøk på å finna gode modellar for sjukehusfinansiering har vist kor vanskeleg det er å gjera butikk av sjukehus. Diskusjonen har gått som kor mykje av løyvingane til sjukehusa som skal vera «innsatsbasert». Avsløringar av diagnosejuks har vist kor mykje kreativ bokføring som kan komma ut av å setja prislapp på behandling av bestemte diagnosar. Kor mykje meir pasientbehandling det kunne blitt om det ikkje vart brukt krefter på triksing og fiksing, er det sjølvsagt ingen som veit.
• Den nye regjeringa har alt varsla ei ny innretting av delar av sjukehusfinansieringa. Den skal bli kvalitetsbasert. Førebels skal det berre gjelda 0,5 prosent av løyvingane til spesialisthelsetenesta, men ekspertar trur det raskt kan bli meir, kanskje to prosent i neste runde. Det skal finnast internasjonale anbefalingar om å knytta meir av finansieringa til «kvalitet». «Den som på kvaliteten passer, får kroner i sine kasser,» oppsummerer ein fagdirektør i Helse Nord i avisa Nordlys.
• Høyrest det ikkje trygt og godt med meir vekt på kvalitet? Vi vil helst gå ut frå at all pasientbehandling i sjukehusa er «kvalitetsbasert», og at både legar og andre gjer sitt aller beste for at flest mogeleg skal få best mogeleg behandling. I den grad noko kan gjerast for å gjera kvaliteten enda betre, seier vi sjølvsagt hurra for det. Men kva skjer når finansieringa skal koplast til kvalitetsmål? Kor finmaska og kompliserte må slike måleeiningar eller kvalitetsindikatorar vera for å gi korrekte svar på kor mykje og korleis helsefagfolka sin innsats er avgjerande for om behandlingsresultatet blir godt, betre, best eller ikkje godt i det heile? Kor mange nye kontrollørar må tilsetjast for å utarbeida gode kvalitetsindikatorar som det vil vera forsvarleg å knytta til finansieringa, og for å kontrollera at rapporteringa frå kvart einaste sjukehus blir korrekt? Og kan ein gå ut frå at økonomisk straff er den beste metoden for å betra kvaliteten der det trengst? Inntil vidare seier vi ja takk til kvalitetsbasert behandling, men ikkje til kvalitetsbasert finansiering.

• LES INNLEGGET I KLASSEKAMPEN PÅ NETT VED Å KLIKKE HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar