torsdag 6. februar 2014

NORDFJORD: Helse Vest vedtok modell for framtidas lokalsjukehus

.

FRÅ HELSE VEST SINE NETTSIDER 5. FEBRUAR 2014

Utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus:

God modell for framtidas lokalsjukehus
Styret i Helse Vest vedtok i dag lokalsjukehusmodellen for Nordfjord sjukehus.
Av Elisabeth Huse, Helse Vest RHF
Nordfjord Sjukehus

– Det har vore gjort eit godt stykke arbeid i utviklingsprosjektet, med brei involvering og stort engasjement, seier styreleiar Terje Vareberg som haldt sitt første styremøte som styreleiar i Helse Vest RHF i dag.

Nyttig modell
Han understrekar den nasjonale dimensjonen i Nordfjord-prosjektet og i løysingane som her blir skisserte. – Dette blir hovudsakeleg eit godt tilbod for befolkninga i Nordfjord. Men modellen kan også brukast for andre lokalsjukehus, no og i framtida.

Han slår fast at fråsegnene i høyringa viser at det er stor semje om hovudgrepa i modellen, og at den kan gi nyttige innspel til andre helseføretak, til kommunalt utviklingsarbeid og til arbeidet med ny nasjonal helse- og sjukehusplan.

Får midlar til dagkirurgi Styret vedtok også at det skal vere dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Tilbodet skal ha eit omfang på om lag 60 operasjonsdagar i året og Helse Førde må fortløpande vurdere fagområde ut frå behov, ventetider og bemanning. Kvalitet og pasienttryggleik må vere avgjerande i val av fagområde.

Helse Vest vil bidra til å dekkje kostnadene til nødvendige investeringar og drift med inntil kr 4 millionar til drift og inntil kr 8 millionar som eit eingongsbeløp til nødvendige investeringar.

Ny sak i 2015 Det skal etablerast ei lokal leiing ved Nordfjord sjukehus, og godt samarbeid med dei andre sjukehusa og føretaksadministrasjonen ein føresetnad. – Eit suksesskriterium i arbeidet vidare er god samhandling, respekt, openheit og tillit mellom dei ulike involverte, seier Terje Vareberg.

Styret vil følgje utviklinga vidare, og ba om ei orienteringssak i 2015 om status ved Nordfjord sjukehus.

Bakgrunn Oppdraget til prosjektet ved Nordfjord sjukehus har vore å utforme ein modell for Nordfjord sjukehus som er framtidsretta, og som gir eit trygt tenestetilbod til befolkninga i Nordfjordregionen, samtidig som modellen har overføringsverdi til andre lokalsjukehus.

Publisert 05.02.2014 12:45 | Endret   


• LES SAKA PÅ HELSE VEST SINE NETTSIDER VED Å KLIKKE HER 


.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar